I hjarta av Kvinnherad kommune og som porten til Hardanger ligg Uskedalen med 1.000 innbyggjarar. Bygda har det meste – frå fjord til fjell – den er eit Noreg i miniatyr.

Bygda er omskreve alt i 1366 som ‘Oskudal’ og i 1403 som ‘Oskudalr’. Namnet skriv seg truleg frå elvenamnet ‘Oska’. Det  tyder ‘ynskjeelva’ – det vil seia ynskje om ei god fiskeelv.

Utanfor, i Hardangerfjorden, ligg den facinerande øya Skorpo (234 m.o.h, merka rute til toppen). Her finn du jettegryter, hegrekoloniar – og det mystiske ‘Skorpetrollet’.

Uskedalen kan by på mange ulike aktivitetar. Ein kan til dømes fiske etter aura i Uskedalselva. Eller klatre i mektige Kvinnheradsfjell. Ulvanåso (1.247 m) er bygdas svar på Trollveggen og har fleire ulike ruter med forskjellig vanskegrad. Og for dei som vil oppleva Uskedalsfjella til fots er det mange godt oppmerka turløyper i flott terreng.