Solheim Turiststasjon ligg midt i sentrum av vakre Uskedalen med kort veg til både sjø og fjell. Sidan 1956 har handelsreisende og turister funnet vegen til vårt familedrevede pensjonat.

Det var Fridtjof og Aslaug Sunde som starte opp drifta. Fridtjof  Sunde var en bereist kar som etter mange år til sjøs kom attende til bygda. Der starta han først opp med drosjekjøring og var eigar av fyrste bilen i Uskedalen. Det vart og dreve bensinstastjon, brannstasjon og postkontor fra Solheim.

Fritjof Sunde med fyrste bil i Uskedalen
Fritjof Sunde med fyrste bil i Uskedalen
Solheim Turiststasjon ca 1950
Solheim Turiststasjon ca 1950
Uskedalen ca 1915/25
Bilde av Uskedalen ca 1915-25


På 1950-tallet var det i stor grad tilreisende bergensere som som inntok pensjonatet, i tillegg til handelsreisande som var faste gjester. I dag er det i stor grad gjestearbeidende i kommunen som gir godt belegg store deler av året. I helger og sommersesongen kjem mange faste gjester og sjølvsagt turister.

Velkommen!